Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann frå Sunnhordland i slutten av 30-åra må møte i retten for vald, narkotika og brot på besøksforbod.

Det var i fjor sommar at valdsepisoden skjedde. Den tiltalte sunnhordlendingen dytta kjærasten sin ned på sofaen, og slo ho med knytta hand gjentekne gonger i ansiktet, på sida av hovudet og i nakken.

Slaga førte til at kjærasten blei påført blåveis og heving under auga, smerter i hovudet og nakken, samt svimmelheit og psykiske plagar.

Skadane medførte minst åtte månadar sjukemelding. Ho var altså framleis sjukemeld då tiltalen blei skriven av politiadvokaten i mars.

Valden blei utført då mannen var under påverknad av stoffet Rivoltril. Då politiet kom til staden fann dei 61 slike tablettar i ein Møllers tranboks.

- Annonse -

Mannen vart pågripen av politiet kort tid etter valdshendinga. Då fekk han umiddelbart ilagt eit besøksforbod overfor kjærasten. Men dette respekterte han ikkje.

- Annonse -
- Annonse -

Allereie dagen etter valdshendinga ringte han kvinna og sendte ei melding via Instagram. Det same gjentok seg dei påfølgande dagane. Kvinna fekk ei rekkje meldinger og bilete via Snapchat og Facebook, trass i at politiet altså hadde gjort det klart at han skulle halde seg vekke.

I tillegg til straffesaka vil det bli reist påstand om oppreisingserstatning frå kvinna.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -