Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Hamna i klem mellom to tungt lasta paller.

Klokka 11 fekk naudetatane melding om ei arbeidsulukke på Sakseid på Bømlo.

– Ein arbeidar har fått eit lass med takplater over seg, opplyser Sørvest politidistrikt.

Politiet skriv at mannen vart medvitslaus etter ulukka, men at han vakna igjen etter kort tid. Patruljen på staden melder at arbeidaren har blitt klemt mellom to paller som hadde tung last.

– Han blei køyrt til sjukehuset i det patruljen kom fram, og det blei meldt at han hadde klemskadar i ein fot.

Kollega sendt til legen

Ein kollega av mannen måtte også få legetilsyn etter arbeidsulukka.

- Annonse -
- Annonse -

– Ein annan arbeidar, som hjelpte til å få vedkomande laus frå pallane, fekk magasmerter og blir køyrt til legen for sjekk, opplyser politiet.

- Annonse -

Politiet opplyser til Stord24 at arbeidsulukka skal ha skjedd på eller i nærleiken av eit byggevarehus.

Regionsdirektør i selskapet som byggvarehuset er tilknytt, Ole Jørgen Mo, kan ikkje uttale seg om skadeomfanget når Stord24 snakker med han på telefon torsdag ettermiddag, men fortel at den andre arbeidaren er tilbake på jobb.

– Ulukka skjedde i samband med lasting og lossing av ein bil. Han som hjalp til med å få kollegaen sin laus, fekk vondt i magen etter å ha løfta på ein palle, men er tilbake på jobb no.

Ifølgje opplysningar Mo har motteke frå arbeidsstaden, har politiet dratt der frå. Politiet skriv på Twitter at Arbeidstilsynet er varsla.