Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet har kontroll på situasjonen etter at ein mann truga med kniv på Stord.

Klokka 13.10 melde politiet på Twitter om knivstikking på Stord.

Like etter kom ei ny melding om at det ikkje var snakk om knivstikking, men ein episode der ein gjerningsperson har truga med kniv. Væpna politi rykte ut til adressa der mannen budde og fekk avverga situasjonen.

Politiet melder at dei har kontroll på hendinga.

– Me har kontroll på situasjonen. Det er ingen personskadar i saka, og me er no i ein avklart og kontrollert fase i hendinga. Det er litt tidleg å seie noko meir detaljert. No må me fine ut meir om bakgrunnen til saka, seier Stord-lensmann Roald Raunholm.

– Kva kan du seie om dei som involvert?

- Annonse -

– Gjerningspersonen er ein mann. Me ønskjer ikkje gå ut medmeir informasjon enn dette per no. Eg vil heller ikkje gå så nøye inn på området dette skjedde i, men det er i Stord kommune.

Seinare på ettermiddagen opplyser politiet til Stord24 at det er snakk om ein mann som har truga seg sjølv.

– Han truga seg sjølv med kniv, og framsto som svært ustabil. Politiet fekk kontakt med han gjennom eit vindauge og fekk han til å kome frivillig ut etter ein dialog. Han blei så framstilt for legevakta, opplyser operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

- Annonse -