Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein mann i 30-åra risikerer over seks års fengsel for seksuelle overgrep mot barn. 

– Det dreier seg om seksuelt misbruk av eit barn under 10 år, fortel statsadvokat Asbjørn Eritsland i Rogalands statsadvokatembeter, som skal vere aktor i saka.

Overgrepa skal ha skjedd for mange år sidan, men blei først politimeldt i den seinare tida.

– Dette er ei sak som er blitt politimeldt mange, mange år etter.

Den tiltalte mannen har i dag bustadsadresse på Austlandet, men budde tidlegare på Stord. Saka skal gå for Sunnhordland tingrett fordi det på Stord at overgrepa skjedde.

Mannen risikerer ei fengselsstraff på meir enn over seks år for ovrgrepa.

- Annonse -

– Saka er alvorleg fordi det er snakk om gjentekne overgrep mot barn under 10 år, seier Eritsland.

Saka vil gå for Sunnhordland tingrett i mars.