Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i 80-åra har fått førarkortet beslaglagt etter å ha kollidert med ein bil då han køyrde ut av ein parkeringsplass.

Trafikkuhellet der to bilar var involvert skjedde tysdag klokka 14.40.

– Ein bil har køyrd på vegen, og blei treft av ein annan bil som køyrde ut frå ein parkeringsplass, seier operasjonsleiar John Ask i Sørvest politidistrikt.

Uhellet skjedde på Meatjønnsvegen på Heiane Vest.

– Bilføraren som blei treft, ein mann i 40-åra, blei køyrd til sjukehuset for sjekk. Han klaga over litt vondt i kroppen, men ikkje noko skadar me kunne sjå.

Politiet har teke beslag i førarkortet til mannen i 80-åra. Det er ikkje mistanke om ruskøyring.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -