Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein tilsett i bedrifta Glass & Byggteknikk fekk ein palle med glas over foten.

Politiet fekk melding om arbeidsulukka klokka 9.35, hos verksemda Glass og Byggteknikk på Heiane.

– Ein tilsett som skulle losse ei palle med glas fekk pallen over foten slik at den blei klemt, opplyser Sørvest politidistrikt.

Mannen blei køyrt til Stord legevakt med smerter i fot.

Skadeomfanget utover dette er førebels ukjend.

- Annonse -