Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i 50-åra vart natt til måndag stansa av politiet. Då vart det avdekka at han køyrde med promille.

Det var klokka 1.48 i natt at mannen var stansa i Leirvik sentrum.

– Dette var ikkje ein promillekontroll. Han blei stansa av politiet for ein kontroll. Då viser det seg at han er påverka, seier operasjonsleiar Irene Ragnhildstveiti Sørvest politidistrikt.

Mannen vart så frakta til legevakta der det blei teke blodprøve av han. Det enda med at politiet tok førarprovet hans, og blir politimeldt.

Politiet har ikkje opplysningar om kor høg promille mannen hadde.

- Annonse -