Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Politiet fekk tips frå nokon som hadde observert ein berusa mann som sat seg bak rattet.

Det var klokka 00.36 at politiet fekk inn tipset om bilføraren i Leirvik.

Meldinga gjekk ut på at han framsto som rusa då han sette seg inn i bilen sin. Ein politipatrulje fekk ganske snart stansa bilen.

Ein promilletest på staden stadfesta mistankane. Mannen blåste til over lovleg verdi.

Politiet tok beslag i førarkortet hans på staden og sendte han til legevakta for framstilling av blodprøve.

- Annonse -