Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Mannen blei frakta rett i arresten.

Klokka 1.10 fredag natt nekta ein mann å stanse i politikontroll på Bømlo. Det enda med biljakt i rundt ein time.

Politiet fann til slutt igjen bilen hans på Føyno. Ein hundepatrulje starta å leite etter mannen, og fann han 100 meter unna bilen.

Bilføraren er mistenkt for ruskøyring. Han hadde også på seg ein kniv.

Mannen blei arrestert på staden, framstilt for blodprøve og deretter frakta i arresten.

Politiet opplyser at arrestasjonen gjekk roleg for seg.

- Annonse -

- Annonse -