Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein 19 år gammal mann er frakta vart frakta til sjukehuset etter slagsmål i Leirvik sentrum. Ein 23 år gammal mann er arrestert.

Natt til laurdag i 3.30-tida fekk politiet melding om slagsmål med fleire personar involvert, utanfor Deli de Luca i Leirvik.

Då dei kom til staden viste det seg at det berre var to personar involvert.

– Ein person vart meldt skada og blei behandla av ambulansepersonell. Han blei så sendt til sjukehus for vidare behandling. Me har ikkje noko meir opplysningar om skadene han pådrog seg, opplyser Nikolai Austerheim, operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt.

Mannen som vart frakta til sjukehus er 19 år gammal.

Politiet arresterte ein 23 år gammal gjerningsmann etter slagsmålet.

- Annonse -

– Me har arrestert ein gjerningsmann som er mistenkt for forholdet. Han blei frakta til arresten i Haugesund.

– Var det berre desse to involvert i slagsmålet?

– Eg veit ikkje kor mange det var snakk om. Det er iallfall ein fornærma og eit vitne, og ein god del vitne. Så vil nok etterforskinga vise kva som eigentleg har skjedd, seier Austerheim.

- Annonse -