Einebustaden blei nedbrent etter halvannan time. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein einebustad i Litlabøvegen blei fullstendig nedbrent laurdag morgon.

Rett før klokka halv seks på laurdags morgonen blei naudetatane varsla av ein forbipasserande om brannen.

Det var ein mann i 70-åra som budde i bustaden. Han hadde allereie kome seg ut på eiga hand då brannvesenet kom til staden.

– Ein bebuar kom seg ut og framstår som fysisk uskadd. Han opplyste at det ikkje var andre i huset, seier Irene Ragnhildstveit, operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt.

Fullt overtent

Brannvesenet opplyser at dei fort fann ut at det ikkje var mogleg å redde huset.

– Då første eining kom til staden sto flammane ut og det var allereie fullt overtent i andre etasjen. Då blei det konstert at han som budde der hadde kome seg ut. Det vart då beslutta å ikkje sende inn røykdykkarar, fortel Jan Tore Brückner i Stord brann og redning.

- Annonse -

Brannvesenet konsentrerte seg då om å skjerme ein garasje og eit uthus i nærleiken.

Bustaden var heilt overtent då brannvesenet kom til staden. Foto: Stord brann og redning

Nedbrent på halvannan time

Det tok ikkje lange tida før einebustaden var fullstendig nedbrent. Då Stord24 kom til staden rett før klokka 9.30 sto berre pipa og vaskemaskinen att som synlege teikn til at det hadde vore eit bustadhus.

– Eg kan tenkje meg at det allereie mellom klokka halv sju og sju begynte å rase saman. På litt eldre hus og dersom det er veldig ope innvendig så kan det eskalere veldig fort, seier Brückner.

Han fortel at mannen vakna av røykvarslaren i huset.

– Dette viser kor viktig det er å ha velfungerande røykvarslarar. Det var vel det som redda han no i natt.

Sjå bildegalleri frå brannen:

Krevjande område

Brannvesenet rykka ut med to mannskapsbilar og ein tankbil, i tillegg til ein lift, som det ikkje var brukt for.

Brückner fortel at det var eit svært krevjande område å drive brannsløkking, som følgje av lang veg til næraste hydrant.

– Det er eit krevjande område. Det er langt til nærmaste vatnkjelde, så me måtte frigjere den eine mannskapsbilen for å køyre skyttel for å hente vatn. Den nærmaste hydranden var ved Litlabø skule.

Blei frakta til legevakta

Operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt fortel at mannen i 70-åra blei frakta til legevakta for rutinemessig sjekk etter brannen.

– Han blei tilsett av helsepersonell på staden og teke med til legevakta for behandling. Det er standard prosedyre når du er involvert i slike ting. Eg har ikkje informasjon om at han skal ha blitt eksponert korkje for røyk eller varme.

Skårland fortel at det ikkje tok lang tid før mannen kom seg ut av bustaden.

– Politiet fekk den første meldinga om brannen klokka 5.26, og klokka 5.32 er det loggført at mannen i huset er kome seg ut.

– Korleis arbeider de vidare med hendinga no?

– Me vil gå inn og setje opp sperring på staden når brannen er heilt inne og brannvesenet drar frå staden. Så vil me gjennomføre vitneforklaringar og åstadsundersøkingar. Me har ingen informasjon om noko mogleg brannårsak per no.

- Annonse -