Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i byrjinga av 30-åra blei sendt til legevakt etter at ein mann låg over han og slo til han i Leirvik sentrum natt til laurdag.

Politiet observerte sjølv hendinga klokka 2.40 natt til søndag.

– Ein politipatrulje observerte at ein mann lå over ein annan mann og slo til han i Leirvik sentrum, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Mannen som blei slått er i byrjing av 30-åra, og hadde ein heving i ansiktet etter valden. Han blei køyrd til legevakta for vidare oppfølging.

– Ut frå forklaringar frå fornærma, samt eit vitne, kan det tyde på at mistenkte, ein mann i slutten av 20-åra, slo til fornærma heilt uprovosert, skriv politiet,

Politiet opplyser at den mistenkte mannen erkjente forholdet på staden, og vil bli politimeld.

- Annonse -

Dette var den andre gongen på nokre timar at politiet måtte ordne opp i valdshendingar på Stord. Fredag kveld i 19-tida rykka politiet ut til Burger King på Amfi-senteret etter melding om eit slagsmål.

– To menn, på 26 og 32 år har uprovosert dytta til ein mann og det medførte eit mindre slagsmål. Det var berre snakk om små skader, opplyste politiet.

32-åringen blei frakta i arresten i Haugesund.

- Annonse -