Bensinstasjonen YX på Heiane blei rana i sommar. Foto: Google
- Annonse -

Ei kvinne var aleine på jobb då mannen i 20-åra truga til seg pengar med kniv på YX-stasjonen på Heiane.

Det var ca. kl. 21.40 tysdag kveld at ein mann i 20-åra truga til seg pengar på bensinstasjonen YX på Heiane på Stord. Han truga med kniv då han utførte ranet.

Politiet sendte tre væpna patruljer til åstaden. Mannen vart arrestert kort tid etter, kl. 22.16 i nærleiken av bensinstasjonen, melder politiet på Twitter.

Varetektsfengsla

– Det var ein mann med kniv som truga til seg eit ukjent pengebeløp. Han drog frå staden, og første patrulje var der relativt kjapt og såg vedkomande. Han stakk av igjen, og etter kort tids søk i området etter to patruljar blei han observert igjen og arrestert, fortel operasjonsleiar Håkon Tornes i Sør-Vest politidistrikt.

Ransmannen er no sendt til Haugesund for varetektsfengsling. Politiet melder at den tilsette som blei rana er teken hand om.

- Annonse -

– Arrestasjonen gjekk utan dramatikk, men han var lite samarbeidsvillig i starten.

Kvinne aleine på jobb

– Korleis blir til den tilsette på bensinstasjonen følgt opp?

– Sjefen hennar er kalla ut, og me vil forsøke å få eit kort avhøyr av ho. Då vil me samtidig sjekke ut om ho har behov for oppfølging av helsevesenet eller liknande, seier Tornes som seier at kvinna var aleine på jobb då ranet skjedde.

Mannen er ein stordabu som er ein kjenning frå politiet.

– Eg kan seie at han er i 20-åra og godt kjent av politiet. Han er ein innfødt stordabu så vidt eg veit.

– No har me ikkje avhøyrt fornærma endå.

- Annonse -