Ulykka skjedde rett nord for Lepsøykrysset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
- Annonse -

Ein liten varebil frontkolliderte med vogntog natt til laurdag.

Av: Kjetil Bruarøy Vasby, Midtsiden

Politiet fekk klokka 03.25 i natt melding om kollisjon mellom ein varebil og eit vogntog på E39.

Ulykka skjedde litt nord for krysset mellom Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

– Førar av varebil, ein mann i 30-åra, blei erklært død på staden klokka 03.50, fortel Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Førar av vogntog, ein mann i 40-åra, er oppegåande og utan synlege skadar. Han er tatt til lokal legevakt for sjekk.

- Annonse -

Begge sjåførane var åleine i bilane.

– Varebilen skal ha hatt retning Halhjem, vogntoget retning Os. Det er uvisst om meldar såg sjølve kollisjonen, eller kom til staden rett etter at ulykka hadde skjedd, seier innsatsleiar på staden, politioverbetjent Christine Grindstein, til Midtsiden.

– Var det fleire bilar involvert?

– Nei, det er ikkje noko som tyder på det.

Fartsgrensa på staden er 70 km/t. Politiet kan ikkje seia meir om mogleg årsak til ulykka. Alle pårørande er varsla.

- Annonse -