Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Det vart starta redningsaksjon natt til søndag då ein fritidsbåt køyrde på land. To personar blei sendt med helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

Klokka 2.22 blei politiet varsla om båtulukka, som skjedde då ei kvinne i 40-åra og ein mann i 50-åra køyrde på land.

Det var kvinna som varsla om ulukka. Ho skal ha hamna i sjøen og klarte å klamre seg til land. Båten låg delvis på land då redningsmannskapa kom til staden.

Politiet haldt kontakten inntil luftambulanse og redningsmannskap kom fram, opplyste politiet.

– Mannen i 50-åra var medvitslaus då han blei redda ut av vatnet, opplyser politiet.

Søndag føremiddag blei det klart at livet til mannen ikkje sto til å redde. Han blei erklært død på Haukeland universitetssjukehus i 8-tida søndag føremiddag.

- Annonse -

Politiet opplyste først at ulukka skjedde ved øya Sild i Sildafjorden i Kvinnherad. Ulukka blei seinare lokalisert til austsida av Varaldsøy.

– Då fritidsbåten blei funnen, hadde den skadar i baugen og på sida, skriv politiet.

To helikopter og tre båtar skal ha delteke i redningsaksjonen.

I følgje Bergens Tidende er begge dei involverte heimehøyrande i Kvam herad.