Det var ved ei fjellhylle like ved Stovegolvet at mannen og hunden sette seg fast. Foto: Stord/Fitjar turlag
- Annonse -

Dei hadde gått seg fast på ei fjellhylle, og fekk seg korkje opp eller ned.

Klokka 14.34 søndag ettermidag fekk naudetatane melding om at 19 år gammal mann hadde gått seg fast på ei fjellhylle ved fjellet Stovegolvet på Stord.

– Med hjelp av eit redningshelikopter av typen Sea King, er det henta ut ein mann og ein hund frå hylla der det hadde sete seg fast. Etter tilhøva skal dei vera i god behald, opplyser operasjonsleiar Toralv Skårland i politiet.

– Det er ikkje snakk om skade på korkje mann eller hund?

– Me har ikkje fått noko informasjon om det. Dei har gått seg fast på ei fjellhylla og kom seg ikkje opp derfrå. Difor blei det sendt eit helikopter så fort som mogleg.

Mannen og hunden hadde akkurat blitt sleppt av helikopteret då Stord24 snakka med politiet, i 17-tida søndag.

- Annonse -

Operasjonsleiaren fortel at det også blei sendt bakkemannskap får Karmøy, som er spesialtrent i å klatre i bratt terreng.

– Desse vart det ikkje behov for då situasjonen er avklart.