Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Frakta til legevakta med stikkskader. 

Klokka 04 natt til søndag blei politiet varsla om at ein mann hadde blitt knivstukken av ei kvinne.

Hendinga skjedde i samband med ein fest i ein bustad i Sagvåg, der det var fleire folk på staden.

– No snakkar me med dei som var på staden. Det var 5-6 andre der, men me veit ikkje om andre har sett sjølve hendinga, seier operasjonsleiar Brit Randulff i politiet til Stord24 i 06-tida.

Då politiet og ambulanse kom til staden var mannen ved medvit, og han fekk behandling av helsepersonell.

Han vart brakt vidare til legevakta med stikkskader.

- Annonse -

– Han har fått stikkskader i hender og moglegens andre stadar. Eg veit ikkje omfanget av skadene, men han er iallfall ikkje kritisk skadd. Han kunne gå sjølv.

Randulff ønskjer ikkje opplyse om alder på dei involverte, men omtalar både offeret og den sikta kvinna som «vaksne folk».

– Eg kan heller ikkje seie noko om relasjonen mellom dei to.

Politiet væpna seg før dei kom til staden.

Gjerningspersonen er arrestert av politiet og avhøyrt på staden.

– Ho vil nok etter kvart bli frakta til Haugesund og bli framstilt for varetektsfengsling.

- Annonse -