Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

Stordabuen kasta i sommar frå seg sigaretter i terrenget ved to høve, medan det var ekstrem skogbrannfare.

Mannen i midten av 20-åra blei varetektsfengsla etter at det for andre gong på to veker oppsto tillaup til brann i Kårevik på Stord, under den ekstreme skogbrannfaren.

No har statsadvokaten i Rogaland teke ut tiltale mot mannen, for brot på brann- og eksplosjonsvernlova.

Den første episoden skjedde natt til 10. juli. Midt på natta rykte eit brannmannskap på 14 stykk ut til ein skog- og grasbrann i Sæbøhaugen i Kårevik på Stord.

Kasta frå seg sigaretter

Brannen var forårsaka av at stordabuen mista ein sigarett i terrenget. Statsadvokaten meiner han unnlet i tilstrekkeleg grad å forsikre seg om at glørne var slukka, og forårsaka dermed brann i nærleiken av bustadar.

Om natta den 22. juli skjedde det ein gong til. Han kasta frå seg ein sigarett i eit terreng ved eit bustadfelt, trass i at langvarig tørke hadde skapt ekstrem brannfare i området, som medførte brann i umiddelbar nærleik av bustadar.

- Annonse -

Politiet har tidlegare sagt at mannen skal ha vore rusa og har forklart at han hugsar lite av hendingane.

Strafferamma for desse forholda er fengsel inntil tre månadar.

Drapstrugslar og falsk naudsamtale

Men det er ikkje dei einaste ugjerningane mannen er tiltalt for. Under ei arrestasjon 22. mai kom han nemleg med drapstrugslar mot ein polititenestemann. Då tiltalte blei ført mot politibilen uttalte han «eg skal drepe famlien din» til politimannen.

I tillegg er han tiltalt for å ha forårsaka ei utrykning av ambulanse utan grunn.

Tysdag 29. mai ringte han til AMK-sentralen og opplyste at han var blitt knivstukken i låret. Men då ambulansepersonell rykte ut til staden, fann dei han på golvet inne i leilegheita, utan skader.

Mannen må møte for Sunnhordland tingrett i januar.

- Annonse -