Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Statsadvokaten har teke ut tiltale mot ein mann frå Sunnhordland for seksuell omgang med ei lita jente, samt for å ha oppbevart over 2000 overgrepsbilete av barn.

Mannen er tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med ein då sju år gamle jente. Overgrepa skal ha skjedd frå sommaren 2017 til mars 2018.

Ugjerningane skjedde i mannen sin bustad i ein kommune i Sunnhordland.

Handlingane han er tiltalt for er sidestilt med valdtekt.

– Valdtekten er særleg grov då det særleg vert lagt vekt på den fornærma sin alder på gjerningstidspunktet og at det har skjedd gjentekne overgrep, står det i tiltalen.

Mannen vert tiltalt for straffelova § 301, for grov valdtekt av barn under 14 år. Strafferamma er fengsel inntil 21 år.

- Annonse -
- Annonse -

Det er riksadvokaten som har teke ut tiltalen, grunna alvoret i saka.

- Annonse -

Fann grove overgrepsbilete

Då politiet fekk kjennskap til ugjerningane mannen er tiltalt for, tok dei beslag i datamaskinen hans.

Her hadde han oppbevart totalt 2205 bilete som syner seksuelle overgrep mot barn eller bilete som seksualiserer barn.

For overgrepsbileta risikerer mannen fengselsstraff i inntil tre år.

Rettssaka skal gå for Sunnhordland tingrett 24. juni. Det er sett av to dagar til rettssaka.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -