Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Mannen er tiltalt for to tilfelle av seksuelle overgrep. Eitt av dei mot si eiga dotter.

Det eine forholdet skjedde heilt tilbake i 1993. Mannen, som då budde i ein kommune i Sunnhordland, er tiltalt for å ha hatt samleie med ei jente som på dette tidspunktet var berre sju år gammal.

Han er også tiltalt for trugslar mot jenta i samband med overgrepa. I følgje tiltaken tvang han til seg overgrepa trass i at jenta gjorde den fysiske og verbale motstanden ho var i stand til.

Det andre forholdet skal ha skjedd i 2008 eller 2009 i Bergen. I følgje tiltalen masturberte han då si eiga dotter, som på dette tidspunktet var rundt 10 år gammal.

Strafframme på 15 år

Statsadvokat Asbjørn Eritsland i Rogaland Statsadvokatembete, fortel at forholda har ei strafframme på 15 års fengsel.

– Det han er tiltalt for er to tilfelle av seksuell omgang med barn under ti år, så her snakkar me nok 15 års strafframme. Dette speilar alvorsgraden i saka.

- Annonse -
- Annonse -

Eritsland fortel at det ikkje er uvanleg at så gamle forhold kjem for retten når det er snakk om seksuelle overgrepssaker.

– Det er ikkje uvanleg at slike forhld blir politimeld lenge etterpå. Det hender at det kan gå fleire tiår før slike saker kjem opp.

Erkjenner ikkje straffskuld

Forsvararen til den tiltalte seier at han ikkje erkjenner straffskuld.

- Annonse -

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, men eg ønskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt, seier forsvarsadvokat Silje Christine Hellesen.

Bistandsadvokat for jenta i det eldste forholdet, Astrid Aksnes i Borgen Advokatar, ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Eg har snakka med klienten min og ho ønskjer ingen kommentar til saka, seier Aksnes.

Stord24 har ikkje fått kontakt med bistandsadvokaten til den andre.

Saka vil gå for Sunnhordland tingrett over tre dagar i midten av november.

 

- Annonse -