Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Offera har fått store psykiske plager etter å ha blitt utsett frå gjentekne seksuelle overgrep frå mannen.

Det eine forholdet skjedde heilt tilbake i 1993. Mannen, som då budde på Stord, er tiltalt for å ha hatt samleie med ei jente som på dette tidspunktet var berre sju år gammal. Dei er sidan flytta vekk frå Stord.

Overgrepsofferet er i dag 32 år gammal, og fortalte først om overgrepa for ti år sidan til advokaten sin. Men det var først for to år sidan at ho valde å gå vidare med saka.

Låste jenta inne

I retten forklarte ho at ho ofte var på besøk i huset til overgriparen, då ho leikte mykje med sonen hans. Ved fleire høve skal mannen ha tatt befølt ho på kjønnsorganet, fått ho til å mastrubere seg sjølv og ved eitt høve forsøkt å utføre samleie.

Mannen er også dømt for trugslar mot jenta i samband med overgrepa. I følgje tiltalen tvang han til seg overgrepa trass i at jenta gjorde den fysiske og verbale motstanden ho var i stand til.

Kvinna forklarte i retten at mannen ved ein episode låste ho inne og nekta ho å gå, trass i at ho fekk panikk. Dette har i ettertid gjort ho har utvikla angst for å bli sperra inne og gjort at ho ikkje toler at nokon held ho fast.

- Annonse -
- Annonse -

Også søstera til jenta forklarte at den same mannen befølte ho på kjønnsorganet då ho var 9-10 år gammal. Ho har også fått store etterverknader av hendinga, og har meldt saka til politiet. Men denne saka vart lagt bort som forelda.

Nekta straffskuld

Mannen nekta for å ha utført dei seksuelle overgrepa i retten. Han forklarte at han er glad i barn, og likte å leike med og kitle borna som var på besøk, men at det ikkje var noko seksuelt i dette.

Dette festar Sunnhordland tingrett ingen lit til.

– Retten er ikkje i tvil om at han er skuldig etter tiltalepostane. Det er prova ut over rimeleg tvil at han forsøkte å gjennomføre samleie med jenta medan begge var nakne nedantil. Det er også prova ut over rimeleg tvil at han fekk jenta til å mastrubere seg.

Retten bygger dette på at jenta har halde fast på forklaringa si frå då ho forklarte seg for advokaten for ti år sidan, og at ho har reaksjonar som er typiske for dei som blir utsette for seksuelle overgrep frå barn. Blant anna depresjon og magesmerter.

- Annonse -

Utførte seksuelle overgrep mot dottera

Det neste tiltalepunktet er går på forhold som skjedde i 2008 eller 2009 i Bergen. I følgje tiltalen masturberte han då si eiga dotter, som på dette tidspunktet var rundt 10 år gammal.

Ho forklarte i retten at faren ved fleire høve tok handa si i buksa hennar og tok ho på kjønnsorganet og kyssa ho på munnen.

Dottera forklarte at ho har hatt store plager etter desse hendinga. Ho har hatt panikkanfall, hatt konsentrasjonsvanskar, stresskader og forsøkt å ta sitt eige liv.

Retten er heller ikkje i tvil om at mannen er skuldig i desse overgrepa.

– Tiltalte utførte handlingane forsettleg. Han har vore svært aktiv i forhold til seksuelle handlingar mot jenter i den aktuelle alderen, og det er heilt uråd at han har misforstått eller at noko har skjedd ved uhell eller aktløyse, skriv Sunnhordland tingrett.

– Det er snakk om grov krenking, og skadeverknadane er alvorlege for henne, skriv retten.

Får mildare straff grunna lang liggetid

Tingrett kom fram til at mannen skal dømmast til fengsel i to år.

Han får mildare straff fordi det har teke lang tid frå meldingane kom til politiet. Retten viser til at tidsbruken er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen om at straffesakar skal behandlast raskt.

Vidare må mannen betale 200.000 kroner i oppreisingserstatning til jenta som vart utsett for overgrep på 90-talet. Han må betale 195.000 kroner til dottera.

- Annonse -