Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen, som er busett i ein kommune i Sunnhordland, er av politiet sikta for fleire tilfelle av seksuelle overgrep mot ei ung jente.

Saka vart meldt til politiet i november 2017.

– Mistenkte i saka vart då arrestert og sikta for å ha hatt seksuell omfang med eit barn under 14 år, fortel politiadvokat Cathrine Krohn i Vest politidistrikt.

Jenta var yngre enn 12 år gammal då overgrepa fann stad. I følgje siktinga har overgrepa skjedd på heimstaden til mannen i kommunen i Sunnhordland der han er busett, og/eller andre stadar. Krohn fortel at det er snakk om fleire tilfelle av seksuelle overgrep.

– Det har vore ein relasjon mellom sikta og fornærma, men eg ønskjer ikkje å kommentere kor nær denne relasjonen har vore.

Sjølv om det er gått snart eit år etter at saka vart meldt til politiet, er saka enno ikkje oversendt statsadvokaten for eventuell tiltale. Politiadvokaten forklarar dette med kapasitetsproblem og at etterforskinga har vore omfattande.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Politiet har gjort omfattande undersøkinga i saka. Det er føreteke mange avhøyr av vitne. Enkelte av avhøyra er føreteke som tilrettelagde avhøyr på Barnehuset på bakgrunn av alderen til dei som er avhøyrt.

Ho fortel at saka no ferdig etterforska og vil bli sendt til statsadvokaten for påtale i næraste framtid.

Overgrepa har ei strafferamme på fengsel inntil ti år.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -