Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Føraren sovna truleg bak rattet då han køyrde ut av vegen på E39 og hamna på eit jorde ved Hageberg.

Det var klokka 18.14 at naudetatane fekk melding om trafikkulukka, der føraren i 50-åra var den einaste som var involvert.

– Føraren framsto som uskada, melder Sørvest politidistrikt på Twitter. Han er frakta til legevakta på Stord for sjekk.

Politiet skriv at årsaka til ulukka truleg er at føraren sovna bak rattet. Bilen traff då først autovernet, og deretter over på gang- og sykkelvegen før den til slutt hamna ut på eit jorde.

Det oppsto ikkje noko særlege trafikale problem grunna ulukka.

– Politiet har føretatt naudsynte undersøkingar og førarkortet til føraren er beslaglagt, skriv politiet.

- Annonse -
- Annonse -