Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Ulukka skjedde måndag ettermiddag i samband med ein rotvelt.

Politiet melder i følgje Bømlo-Nytt at ulukka skjedde ved Finnås på Bømlo, like før klokka 15.30.

– Ulukka skjedde under arbeid med eit rotvelta tre. Det utlyte full utrykking av alle etatar; brann helse, politi og luftambulane kom til staden, opplyer politiet til avisa.

Det vart utført førstehjelp på staden, men redningsmannsakapet klarte diverre ikkje å berge livet til mannen.

Fungerande lensmann i Stord lensmannsdistrikt, Dag Vidar Nordhus, seier til Stord24 at mannen omkom då ein rot fall over han.

– Bakgrunnen for ulukka er at mannen dreiv med trefelling. Han skulle rydde vekk noko rotvelt. I den prosessen har han fått dette over seg og omkom.

- Annonse -

– Det blei føreteke livreddande tiltak, men han blei erklært død på staden, seier Nordhus.

Politiet opplyser at trefellinga blei gjort i privat regi, og vert difor ikkje etterforska som ei arbeidsulukke.

Den omkomne er ein mann i 40-åra. Namnet hans er førebels ikkje frigive av omsyn til dei pårørande.

– Han var ikkje heimehøyrande på Bømlo, men hadde tilknyting til staden. Han var busett på Nordvestlandet.

Politiet opplyser at grunnen til at det ikkje var meldt frå om ulukka tidlegare var av omsyn til familien.

– Dette var ei tragisk ulukke. Det var eit sterkt ønskje frå ein familie som er i djup sorg om at det ikkje skulle bli sendt ut melding om hendinga, seier Nordhus.

- Annonse -