Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Livet sto ikkje til å redde for ein mann frå Stord som kom i klem då han fekk ein bil over seg.

For ei veke sidan blei ein mann i 30-åra frakta med luftambulanse til sjukehuset etter at han kom i klem under ein bil. Ulukka skjedde på ein privat eigedom utanfor Leirvik sentrum.

Måndag opplyser Stord-lensmann Roald Raunholm at saka fekk ei tragisk utgang. Mannen døydde av skadene han pådrog seg.

– Eg kan stadfeste at mannen omkom. Politiet fekk ei rapport om dette fredag ettermiddag, der det var stadfesta at personen vart erklært død, seier Raunholm.

Alle dei pårørande er varsla om dødsfallet.

Politiet på Stord har oppretta ei undersøkingssak som følgje av ulukka.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me ser på dette som ei tragisk ulukke, som har ført til at denne mannen har fått ein bil over seg og kome i klem. Me antek at det er fordi han har gjort vedlikehaldsarbeid på denne bilen. Men me veit sålangt ikkje kvifor dette har skjedd.

Lensmannen fortel at politiet er i ferd med å gjere seg ferdig med etterforskinga knytt til ulukka, og seier han tvilar på at dei kjem til å få alle svara på bordet.

– Det er ingen vitne som har sett hendinga etter det me kjenner til. Me kjem nok ikkje til å kokludere med kva som var årsaka til ulukka, utanom at det skjedde i samband med vedlikehaldsarbeidet. Men kvifor bilen ramla ned er det tvilsamt at me kan gi eit konsist svar på. Det me veit er at dette var ei tragisk ulukke.

- Annonse -