Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Etter fire innbrot i privatbustadar og eitt på Stord ungdomsskule har politiet no arrestert ein gjerningsmann.

Søndag meldte politiet om at det hadde vore grovt tjuveri på Stord ungdomsskule i løpet av helga.

Seinare på ettermiddagen kom meldinga om tre innbrot i privatbustadar i Lyngveien utanfor Leirvik sentrum. Seinare på kvelden fekk Stord24 også tips om at det hadde skjedd eit innbrot i ein bustad i Kringsjå.

Allereie no melder politiet at dei har arrestert ein mann for innbrota.

– Ein mann i 30-åra sit no i arresten i Haugesund, seier politioverbetjent Dag Vidar Nordhus til Sunnhordland.

Han fortel at det er for tidleg å slå fast at mannen har vore involvert i alle fem innbrota. Mannen vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

- Annonse -

– Det er funne gjenstandar som er meldt stole etter innbrota i helga på mannen si adresse. Me kjenner godt til denne mannen frå før av, seier Nordhus til avisa.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -