Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Bilføraren skal ha køyrd i grøfta i fylla og hadde i tillegg narkotika i bilen då han vart stansa av politiet.

Natt til søndag fekk politiet melding om ein person som i følgje tipsaren hadde «køyrd som eit svin».

– Me traff på mannen ved Kårevik like etter klokka 3.00 natt til søndag. Han skal då ha vore full, opplyser operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt.

Føraren var ein utanlandsk statsborgar i 20-åra.

I følgje politiet skal bilføraren ha blitt observert køyrande i grøfta og kollidert, og køyrd vidare etterpå som om ingenting hadde skjedd.

– Det var synlege skader på bilen då politiet traff på han. Han erkjente at han hadde køyrd bilen, og det blei i tillegg funne narkotika i bilen.

- Annonse -

Det blei naturlegvis teke beslag i førarkortet til mannen, og han blei framstil for blorprøve på legevakta. Deretter blei han frakta rett i arresten.

- Annonse -