Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet rykka tysdag ettermiddag ut til Nattrutekaien i sentrum etter melding om trugande oppførsel av ein rusmisbrukar.

– Det er snakk om ein rusmisbrukar som har oppført seg trugande og vore aggressiv. Det er ikkje heilt avklart kva som har skjedd, fortel operasjonsleiar Kurt Arne Løklingholm i Sørvest politidistrikt.

Han fortel at det var rusomsorgen i Stord kommune som tilkalla politiet.

– Det siste no er at me har kontroll på ein person, ein mann i 20-åra, så får me sjå om det er fleire me skal ta hand om.

- Annonse -

Operasjonsleiaren har førebels ikkje kjennskap til om det er nokre tilfeldige som har blitt truga.

– Situasjonen er ikkje heilt avklart, men sånn eg forstår det har dette skjedd innad i rusmisljøet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -