Onsdag morgon vart ein mann køyrd til sjukehuset etter eit arbeidsuhell på Bømlo.
Klokka 08:39 melder Politiet i Sør-Vest på Twitter at det har vore eit arbeidsuhell i Austre Sakseid på Bømlo.
Mannen i 30-åra har fått klemskader i eit bein.
– Arbeidaren hadde blitt klemt mellom traktor og vegg ved lasting av paller, skriv politiet på Twitter.
Poltiet er på staden no, og Rune Tallaksen ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt opplysar at bedriften sjølv har varsla arbeidstilsynet.
– Eg trur ikkje det er tale om ein alvorleg skade, seier Tallaksen.