Foto: Midtsiden
- Annonse -

Ein mann i 40-åra vart funnen død i starten av februar. Politiet etterforskar dødsfallet.

– Det vart funne ein død person ute og i nærleiken av bustaden sin, på dagtid 6. februar, opplyser Odd Harald Hovland, lensmann ved Stord lensmannskontor til Stord24.

Det var personar i nærleiken som oppdaga vedkomande og som meldte dødsfallet til politiet.

Den døde personen er ein mann i 40-åra som var heimehøyrande på Haga på Stord. Lensmannen forklarar at dei alltid etterforskar dødsfall med ukjent forhistorie.

– Vedkomande er obdusert og vi har fått eit førebels resultat. På bakgrunn av dette ser vi det ikkje som sannsynleg at det ligg noko straffbart bak, men vi venter på den endelege obduksjonen.

Han seier at politiet ikkje ser vekk i frå at mannen kan ha vore død i eit døgn før han vart funnen.

- Annonse -

– Han har lege på ein stad der det ikkje har vore naturleg at folk har sett han, seier Hovland.