- Annonse -

Ein mann i 20-åra frå Karmøy fekk ein stålpate over foten då han skulle ut og sjekke lasta.

Politi og ambulanse rykka torsdag ettermiddag ut etter melding om arbeidsuhell på E39 ved Boravika, mellom Grov og Jektevik.

– Mannen var på jobb og skulle transportere noko stålplater. Han stansa på ein busshaldeplass for å sjekke lasta, då han fekk ei stålplate over foten, opplyser operasjonsleiar Thomas Nordvik ved Sørvest politidistrikt.

Mannen i 20-åra som kjem frå Karmøy blei frakta med ambulanse til røntgenundersøkingar på Stord sjukehus.

Politiet oppretter sak på forholdet.

- Annonse -