Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Riksadvokaten har teke ut tiltale mot ein mann frå Sunnhordland, for å ha utført gjentekne seksuelle overgrep mot si eiga dotter.

Mannen er tiltalt for å ha utført seksuelle overgrep mot si eiga dotter over fleire år. Ho var yngre enn 10 år då overgrepa skjedde. I tillegg er han tiltalt for seksuell omgang med fleire andre barn under 16 år.

Det er Sunnhordland som i dag skriv om den alvorlege tiltalen, som har ei strafferamme på 21 år. Grunna dei alvorlege forholda er det riksadvokaten som har teke ut tiltale i saka.

Forsvararen til mannen, advokatfullmektig Eirik Helland, seier til avisa at mannen ikkje erkjenner straffskuld.

- Annonse -

Mannen har tidlegare sona ei fengselstraff for valdtekt.

Saka vil gå for Sunnhordland tingrett i april, og det er kalla inn 11 vitne til saka.

- Annonse -