Illustrasjonsfoto: Polisen i Sverige
- Annonse -

Ein mann i 50-åra vart i starten av januar drepen i den svenske byen Söderälje.

Det var 7. januar at mannen vart funnen drepen i sin eigen leilegheit i byen Söderälje, som ligg sør for Stockholm.

Mannen som vart drepen var i følgje Bergens Tidende registrert med bustadsadresse i Sverige i fleire tiår, men mannen kjem opphavleg frå ein kommune i Sunnhordland.

Ein 22 år gammal mann vart arrestert av svensk politi etter kort tid, og var sikta for drapet. Han har i følgje svensk media tilstått drapet.

– Det er ingen tvil om at han er drepen. 22-åringen har skildra hendinga veldig tydeleg. Han tilstår mord, som er det me mistenker han for, sier etterforsker Johan Allard til BT.

Mannen i 50-åra vart i slutten av januar glavlagt i ei kyrkje i kommunen i Sunnhordland der han kjem frå.

- Annonse -

Kripos har blitt engasjert i saka som kontaktpunkt mellom svensk politi og lokalt norsk politi når det gjeld varsling av dei pårørande i heimkommunen.

BT har snakka med ei søster av mannnen, som fortel at familien i Sunnhordland blei informert om drapet ved at ein prest kom på døra.

– Me reagerte med sjokk og vantru. Det tek frykteleg lang tid å forsone seg med at det har skjedd, og forstå at det faktisk har skjedd, seier søstera.

Motivet for drapet skal så langt vere ukjent. Men drapsofferet og den sikta 22-åringen skal ha kjent kvarandre, skriv svenske aviser. Mannen skal ha blitt drepen med kniv.

- Annonse -