- Annonse -

Fekk ein ekstra stor vinst i samband med at Norsk Tipping markerte lottomillionær nummer 6000.

Laurdag markerte Norsk Tipping lottomillionær nummer 6000 sidan oppstarten i 1986 ved å dele ut ein ekstra stor lottovinst.

Det var to heldige vinnarar av gårsdagens toppremie. Ei kvinne frå Akershus og ein mann frå Stord. Dei klarte begge å prikke inn dei sju tala som gav dei nøyaktig 6.695.075 kroner kvar.

Mannen frå Stord reagerte slik då Norsk Tipping ringte han:

– Herre! Er det sant? No må eg setje meg ned.

Han visste ikkje helt kva han skal seie vidare, men på spørsmål om kva han skulle bruke pengene på, kom svaret kontant:

- Annonse -

– No blir det svømmebasseng. Det har eg draumt om!

Me skal ikkje lenger tilbake til januar i år då ein anna stordabu også vart lottomillionær. Då kunne kvinna frå Stord notere seg éin million kroner i vinst.