Mannen blei kasta av Kystbussen. Foto: Kystbussen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein bussjåfør på Kystbussen på veg sørover frå Stord måtte onsdag ettermiddag handske med ein svært berusa passasjer. 

Han var så berusa av sjåføren vurderte at han ikkje kunne vere på bussen, og sette han av like sør for Bømlafjordtunnelen i Sveio.

Først vart ambulanse tilkalt, men dei ringte vidare til politiet, som måtte ta seg av mannen i 20-åra.

– Han var så berusa at han ikkje klarte å ta vare på seg sjølv, fortel vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon til Haugesunds Avis.

- Annonse -

Mannen blei frakta rett til fyllearresten til Haugesund, der han fekk sove ut rusen. Politiet seier det ikkje vil bli oppretta noko politisak, då han ikkje gjorde seg skuldig i anna enn å vere veldig full.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -