Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

– Han var rusa og sint. Det var ein ugrei situasjon.

I 16-tida fredag rykte politiet ut etter melding om bråk på ein adresse i Rommetveit-området på Stord.

– Det var ei kvinne og ein mann på adressa. Kvinna kjende seg redd då mannen var rusa og sint og kasta ting rundt i huset, melder Sørvest politidistrikt.

Politiet fekk raskt kontroll på situasjonen då dei kom til staden, og avgjorde å arrestere mannen i 40-åra.

Kvinna, som også er i 40-åra, fekk ikkje nokon skadar etter den ubehagelege hendinga.

– Det var ingen våpen involvert og kvinna skal ikkje ha blitt direkte truga. Men ho kjente seg redd då han var rusa og sint. Det var ein ugrei situasjon, fortel operasjonsleiar Helene Stand ved Sørvest politidistrikt.

- Annonse -
- Annonse -