Det var mykje kø på Stordabrua tysdag. Webkamera: Vegvesenet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Begge førarane kom uskadd frå kollisjonen.

Tysdag føremiddag var Bømlafjordtunnelen stengt i lengre tid grunna oppryddingsarbeid etter rester av gips og isopor som hadde falle frå ein bil.

Som vanleg oppsto det då lengre køar utover Stordabrua og vidare nordover på Stord. Men ikkje alle ville vente tålmodige.

– Ein førar ville kome seg ut av køen og snudde. Han blei då påkøyrd av bilen som kom køyrande i nordgåande køyrefelt, opplyser operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

Både føraren av bilen som køyrde ut av køen, ein mann på 79 år, og føraren i bilen som kom i mot, ein mann i 30-åra, kom frå ulukka utan skadar.

– Begge kom frå det uskadd. Det var ei lukke. Det kom ein ambulanse til staden som fekk sjekka dei ut.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

79-åringen mista førarkortet på staden.

– Det er fordi han har brote vegtrafikklova, grunna manglande aktsemd i trafikken.

Trafikkulukka skjedde klokka 10.24. Trafikken går no som norlamt både i Bømlafjordtunnelen og vegen der ulukka skjedde.

- Annonse -