Båten "Fram" drog til Stord i førre veke. No er den sakna. Foto: HRS
- Annonse -

Treskøyta «FRAM» og føraren frå Stord er sakna ein stad mellom Florø og Stord. Politiet og Hovudredningssentralen ber om tips i saka.

Hovudredningssentralen melder at båten og føraren er sakna ein stad mellom Kalvåg ved Florø og Stord.

– Hovudredningssentralen ønskjer kontakt med alle som har opplysninger om båten, skriv dei på Twitter.

Kjøpte treskøyta

Det var familien til føraren som har meldt han sakna, etter at han ikkje kom heim til Stord etter å ha kjøpt båten i førre veke.

– Den sakna er ein 58 år gammal mann frå Stord som kjøpte seg ei skøyte i Florø i førre veke. Sist han er observert var då han drog frå Florø 2. november, klokka 9 om morgonen. Me rekna med han skulle sørover. Etter det har ingen sett eller høyrt noko i frå han. Derfor er me bekymra for om det har hendt han noko, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes i Sør-Vest politidistrikt.

- Annonse -

Hovudredningssentralen leiar redningsaksjonen til sjøs, og politiet på Stord har sakna-saka, der dei er i full gang med å hente inn etterretningsinformasjon.

Frykter havari

– Det me frykter er jo at han i verste fall har havarert, og i beste fall har teke seg god tid sørover utan å melde i frå. Kanskje har han gått i ei hamn. Difor ber me publikum vere vakne.

Førebels har politiet ingen observasjonar av båten eller føraren sidan 2. november.

– Me held på med forskjellig type etterretning. Men dei siste observasjonane me har er frå Florø då han drog frå land.

Båten er på 33 fot, olja skrog og kvitt hus. Registreringsnummeret er H-97-S, og framme i baugen står namnet «FRAM».

Naudmelding på kystradioen

Hovedredningssentralen opplyser at dei har sendt ut naudmelding på kystradioen for å få informasjon om den sakna skøyta.

– No er me i gang med kommunikasjonssøk der me har sendt ut PAN-melding på kystradion i det aktuelle området (PAN-melding er ei hastemelding som er hakket under Mayday, red.mrk.). I tillegg driv me mykje etterretningsarbeid i samarbeid med politiet, seier vakthavande redningsleiar Cecilie Øversveen ved Hovudredningssentralen.

Området mellom Florø og Stord er førebels for stort for at dei sender ut redningsskøyter i søket.

– Me har så langt ikkje redningsskøyter i søket. Det er snakk om eit såpass stort område at me først ønskjer å få inn tips slik at me kan minimere leiteområdet. Me sjekker ut aktuelle område så snart me får svar på naudmeldinga, seier Øversveen.

Ho fortel at dei siste observasjonane frå båten var då den passerte Florø ved lunsjtider 2. november.

Sjekker mobilsignal

Stord-lensmann Roald Raunholm fortel at dei er i full gang med etterforskinga.

– Me har mykje ting me går etter for å få avklart kor han har teke vegen. Mellom anna vil me sjekke ut mobilsignala frå føraren. Me er interessert i alle opplysningar frå folk som veit noko om denne båten.

– Har de fått inn nokre tips så langt?

– Me har ikkje fått inn noko konkrete tips om at båten er sett ette at den drog frå Florø.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -