Fire av dei som skal bli med i det nye ungdomsrådet på Stord vil at fleire skal engasjere seg. Frå venstre: Kristina S. Heggøy (14), Anne Marte Havn Mehammer (14), Megan Mary Thomas (15) og Ulvar Akselsen (15), som er ny leiar. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Eit nytt Ungdomsråd er i ferd med å konstituerast, men ungdommane frå Nordbygdo glimrar med fråveret sitt.

Ein engasjert gjeng er klar er klar for å ta fatt på det nye Ungdomsrådet, som skal starte opp i november. Rådet skal snakke ungdommane si sak for avgjerdstakarane, og er meint å representere alle ungdomsskulane pluss Stord vidaregåande skule.

Men så langt er dei ikkje mange nok som har meldt si interesse. Spesielt manglar dei representantar frå Nordbygdo ungdomsskule.

– Me treng ein del folk frå Nordbygdo. Me må iallfall ha på plass éin representant og éin vara derfrå. Det kan også bli fleire frå dei andre skulane, seier Ulvar Akselsen (15) som vil leia det nye rådet.

Manglar fritidsklubb

Han trur det manglande engasjementet i Nordbygdo kan ha samanheng med det manglande fritidstilbodet for ungdom i bydelen, og viser til at det er fritidsklubbar både ved Leirvik (Harry-klubben) og i Sagvåg/Litlabø (samfunnshuset), men ingen i Nordbygdo.

- Annonse -

– Det er veldig lite fritidstilbod i Nordbygdo, så det er noko eg vil jobbe med. Dei har jo eit flott lokale i Samhald, så dei fortener eit tilbod.

– Eg tenkjer at det blir vanskeleg for dei å engasjere seg, for mange av dei har aldri opplevd å ha hatt noko fritidstilbod, så då veit dei ikkje kva dei går glipp av. Elevane ved Stord og Nysæter ungdomskular seier jo at det er lite å finne på dei vekene fritidsklubbane er stengt, seier Akselsen.

Frustrerte over bussrutene

Det er nok av saker å jobbe med for det nye rådet. Naturleg nok engasjerer dei seg sterkt i det nye og omdiskuterte busstilbodet på Stord. Megan Mary Thomas (15) fortel at Skyss sine ruteendringar går hardt ut over elevane.

– Dei nye bussrutene er heilt på trynet. Eg kjenner så mange som kjem for seint på skulen grunna dei nye rutene. Det går veldig mykje ut over elevane. Mange av elevane får ein merknad av læraren når dei kjem for seint, som igjen kan føre til at ein går ned i orden og åtferd-karakteren.

For Megan blei ungdomsrådet ein naturleg stad for å lufte det sterke engasjementet sitt.

– Eg hadde lyst å vere med i politikken på Stord og seie meiningane mine. Det er mykje eg er oppteken av, melom anna at skulane skal bli betre. Til dømes situasjonen på Langeland skule, som er heilt full no.

Ønskjer du å vere med i det nye ungdomsrådet kan du sende ein mail til stord.ungdomsraad@stord.kommune.no, der du skriv litt om deg sjølv.

- Annonse -