Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -

Mykje hardt slit, fellesskap og nøysemd, er stikkord for fiskerihistorien til Sunnhordland på 1900-talet.

Rundt år 1900 kom silda sigande inn i vågane i Sunnhordland. Det la grunnlaget for ei rekkje nye verksemder knytt til fiskeri. Sildeoljefabrikkar, motorfabrikkar, båtbyggeri og verkstadar.

Fiskarane kunne reise lengre frå land og fange sild som stod djupare i sjøen. Dei tradisjonelle fiskebøndene blei sesongfiskarar, og dro til dømes på sildefiske til Island og dorga etter makrell i Nordsjøen.

Det heile toppa seg opå 50-talet, då det flaut over av sild som førte til ein enorm eksport.

Fisket la grunnlaget for mange nye verksemder i Sunnhordland gjennom 1900-talet. Foto: Sunnhordland Museum

Populær opning

Over 70 besøkande tok turen på opningskvelden for Sunnhordland museum si nye utstilling «Det starta med silda».

Dei besøkande fekk servert ei rykande fersk utstilling, musikalske innslag av Stordabuen Toraderklubb, lubbesild frå Otto Benjaminson på Halsnøy og sashimi av laks frå Salma laks.

- Annonse -

Det var dermed liten tvil om innhaldet i utstillinga: utviklinga av fiskeindustrien i Sunnhordland frå 1900 og fram til i dag.

– Gjennom fleire intervju og bøker har me funne fram til forteljingar om livet på 50- og 60-talet, både om dei heime og dei ute på havet. Mykje hardt slit, fellesskap og nøysemd, er stikkord for dei alle, seier prosjektleiar Johanne Øvstebø Tvedten.

I tillegg byggjer utstillinga på ei omfattande innsamling av bildemateriale frå private album og offentlege arkiv i heile regionen.


Stordabuen Toraderklubb underhaldt på utstillingsopninga. Prosjektleiar for utstillinga, Johanne Tvedten til venstre. Foto: Sunnhordland museum

Kor mykje tåler havet?

Utstillinga drøftar også dagsaktuelle problemstillingar, om berekraft.

– Den maritime industrien i Sunnhordland er framleis i vekst, med havbruk og grøn skipsfart som dei to store framtidsnæringane. Skal me kunna leva av havet i framtida òg, må me heile tida stilla oss spørsmålet: Kor mykje toler havet?

Fiskeutstillinga vil vere open heile sommaren, og utpå hausten.

Utstillinga er første del av ein serie på tre om maritime næringar i Sunnhordland. Neste del vil fortelja om skipbygging og fraktefart.

- Annonse -