Mange hadde møtt opp då Aasta Hansteen passerte det mest kritiske strekket ved Jektevik. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kværner-sjef Steinar Røgenes rakk akkurat å få med seg den siste utsikten av Aasta Hansteen på veg heim frå Bergen.

Det var tjukt med bilar parkert rundt Jektevik på Stord torsdag kveld. Nysgjerrige hadde møtt opp i hopetal for å få med seg den mest kritiske fasen i det om er det mest spektakulære slepet på norsk sokkel sidan 1995.

Då April-kvelden begynte å bli vel kjølig var det godt å kunne varme seg på Statoil-sponsa kaffe, varm sjokolade og boller. Fotballgruppa til Stord IL sto for serveringa.

– Fantastisk

Ein av dei som rakk å få seg ei skillingsbolle og det siste synet av Aasta Hansteen frå Stord-øya var Kværner-direktør Steinar Røgenes.

– Å sjå dette her er jo fantastisk. Eg hugsar slepet av Kristin og Gjøra, men dette er nok det mest spektakulære slepet eg har sett.

Kværner-sjef Steinar Røgenes fekk påspandert bolle frå Statoil, servert av Roger Matre i Stord Fotball. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Kværner på Stord har hatt ei viktig birolle under samanstillinga av plattforma. Og jobben er framleis ikkje over. Det er 37 Kværner-tilsette om bord på Aasta Hansteen på ferda mot Nordsjøen. Der skal dei bistå med den endelege oppkoplinga.

- Annonse -

Ikkje vemodig

For Kværner-sjefen er det alltid ei spesiell oppleving å sjå store prosjekt forsvinne frå Stord. Denne gongen er det ingen negative kjensler involvert.

– Det er iallfall ikkje vemodig når me har verftet fullt med arbeid. Dette kjennes heilt rett. Me har hatt ei viktig rolle og ein vanskeleg jobb, og har jobba med Aasta Hansteen i 4-5 år no. Det ville vore meir vemodig dersom me ikkje hadde levert på tid.

– Blir det fleire liknande prosjekt som Aasta Hansteen for dykk i framtida?

– Akkurat denne typen prosjekt trur eg ikkje. Skroget er det mest komplekse som nokon gong er laga. Det vil nok minke på så store plattformar av denne typen.

Like etter Aasta Hansteen passerte høgspentleidninga mellom Tysnes og Stord ulte det frå skipsfløytene til ein av slepebåtane. Passeringa var vellukka. Det var som om plattforma tok eit skikkeleg magedrag og ropte: Takk for no, Stord!

Sjå bilete frå Jektevik her:

- Annonse -