Fredag var det lange køar på begge sida av Bømlafjordtunnelen. Fleire bilar blei dirigert mot Bømlo, der dei måtte ut med 140 kroner i bompenger. Foto: tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Då Bømlafjordtunnelen var stengt fredag ettermidag dirigerte politiet fleire bilar mot Bømlo for å ta tømme Stordabrua for trafikk.

Fredag ettermiddag skjedde det endå ein gong. Bømlafjordtunnelen vart stengt i halvannan time etter at lause steinar hadde falle ned frå taket i tunnelen.

Før tunnelen opna att like etter klokka 16 oppsto det lange køar heilt til Heiane.

Blei sendt til Bømlo

Ein tipsar frå Stord, som ønskjer å vere anonym, fortel at han og mange andre blei dirigert til Bømlo då dei venta i køen. Dermed måtte bilistane ut med 70 kroner i bompengar både fram og tilbake då dei passerte Gassasundet på Bømlo.

– Eg skulle gjennom tunnelen, men etter å ha venta i kø ein god stund blei me tvinga av politiet til å køyre til Bømlo. Kan politiet berre tvinge nokon til å køyre til Bømlo? Kan me i såfall krevje å få bompengane tilbake?

Tipsaren reagerer også på at dei som blei sendt til Bømlo måtte vente mykje lenger enn dei som fekk lov til å bli ståande på vegen frå Stord.

- Annonse -
- Annonse -

– Som følgje av dette blei turen til Haugesund endå meir forsinka. Hadde me berre fått lov til å stå i køen, hadde me spart mykje tid.

Stord-lensmann Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Viktigast å få unna bilane

Lensmann på Stord, Roald Raunholm, seier at det viktigaste for politiet er å få rydda Stordabrua for trafikk.

– Når tunnelen blir stengt i ein lengre perode er det om å gjere å få tømt Stordabrua for bilar, slik at utrykkingskøyretøya kan kome seg fram. Dei bilane som står ned mot tunnelopninga må me då få vekk, for elles kan det fort bli kaos. Då er det ei utfordring korleis ein best mogleg kan gjere det.

- Annonse -

– Ein måte er å dirigere dei til Bømlo slik at dei kan snu og stå klar til å køyre sørover frå Bømlo-sida. Då får ein jo problemet med at bilistane får ei ekstrakostnad med bompengar. Alternativet er å snu i rundkøyringa på Føyno og la dei køyre tilbake til Heiane.

Raunholm seier at dei ekstra bompengene som dei pålegg bilistane ved å dirigere dei til Bømlo ikkje vil har vore ei problemstilling dei har diskutert.

– Me har nok ikkje tenkt at dette påfører bilistane ekstra bompenger. Me får legge det inn i vurderinga i måten me gjer dette på i framtida. Om det ikkje vil endre handlemåten, så vil me iallfall forsøke å heller la dei snu på Føyno.

– Ikkje politiet sitt ansvar

Samtidig avviser Raunholm tipsaren sin førespurnad om tilbakebetaling av bompengar.

– Eigentleg er dette eit problem som ikkje er politiet sitt. Når vegen blir stengt grunna noko som fell ned frå tunnelen så er det vegeigaren sitt ansvar. Men me blir ofte brukt til å dirigere trafikken.

Lensmannen seier han likevel tek tilbakemeldinga på alvor.

– Me har ei utfordring her, og me bør klare å løyse dette. Tunnelen blir jo stengt fleire gonger i løpet av eit år, så dette er ei viktig tilbakemelding på korleis me løyser dette oppdraget, seier Raunholm.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -