Mamma Mia-filmen vart den store kinovinnaren på Stord. Foto: Universal Pictures
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er fantastisk når ein film slår så godt an, seier kulturhus-sjef Herdis Belsvik. Sjå lista over dei mest sette filmane på Stord.

I 2018 var det totalt 42.560 personar som løyste billett til kinoframsyningar på Stord. Det er ei lita nedgang frå året før. Herdis Belsvik er likevel godt nøgd.

– Me må vere nøgd med dette. I år har ikkje julefilmane slått så bra an som dei pleiar. Hadde desember vore like bra som året før hadde me nok gått i pluss.

Tropisk sommar med godt kinobesøk

Einingsleiar og kinosjef i Stord Kulturhus, Herdis Elin Belsvik. Foto: Privat

Av dei ti mest besøkte filmane i fjor (stå lista nedst i saka) er det ein film som skil seg kraftig ut. Det er filmen «Mamma Mia! Here We Go Again!», som gjekk på kino i fjor sommar.

Trass i den varmaste sommaren på manns minne løyste heile 3496 personar billett til filmen, noko som utgjer nær ti prosent av alle kinobillettane i fjor.

– Det er dette som er så spesielt. Plutseleg kjem det ein enkelt film som kan forandre på heile statistikken. Det har me sett mange gonger. Det er fantastisk når ein film går så bra som dette, seier Belsvik.

Mykje fulle hus

- Annonse -
- Annonse -

Kulturhus-sjefen gleder seg også over gode besøkstal når det gjeld andre framsyningar, som teater og konsertar. Kulturhuset sjølv har selt 13.611 billettar til slik arrangement. I tillegg til dette kjem billettane som vert selt av arrangørane.

- Annonse -

– Det har vore eit veldig bra år, med mykje godt besøk. Det har vore mykje fulle hus på teater og konsertar. Høgdepunktet i fjor var nok konserten med Stavanger symfoniorkester dirigert av Eivind Gullberg Jensen og med Leif Ove Andsnes på det nye flygelet.

Og ingenting tyder på at det vert noko dårlegare besøk i det nye året.

– Trenden vil halde fram i dette året, for me har allereie selt ut den neste barneførestillinga til Riksteateret, me har selt ut Marit Voldsæter sitt standup-show i februar, og me har til og med selt ut Janove-konserten i oktober. Billettane går veldig raskt.

Dette var dei ti mest sette filmane på Stord i 2018:

FilmBesøk
Mamma Mia! Here We Go Again!3496
Skjelvet1980
Månelyst i Flåklypa1783
Mission: Impossible – Fallout1622
Utøya 22. juli1282
Grinchen1250
De utrolige 21239
Avengers: Infinity War1141
Hotell Transylvania 31073
Den 12. mann1066

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -