Fjortenåringen har tidlegare vore aktiv på både fotball- og handballfronten. Først etter rideskulen i 2014 vart Malene Særsten Alvsaker bitt av basillen. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Men livet som hestejente er ikkje alltid like lett for 14-åringen frå Stord.

– Mi største frykt er å dumme meg ut. Det er så ufatteleg små marginar som skal til. Ein liten feil, så er det gjort. Då krasjar du.

I 2014 fekk ho sin første ponni for moro skyld. Fire år seinare er Malene Særsten Alvsaker i full gang med å kvalifisere seg for både landslaget og EM.

Sjølvkjensla har auka. Teknikken har blitt betre.

Likevel hender det at nervane slår inn når ho minst venter det.

Mot, vilje og kjemi

– Å ri mot eit høgt hinder er som å ri mot ein murvegg i full hastigheit. Det krev mot og vilje, seier den unge fjortenåringen.

- Annonse -

Klokka er 10.00 om morgonen. Malene Særsten Alvsaker tek godt i mot oss når me treff ho nede ved Stord Hestesportsenter.

Kvar dag tek ho turen til hestesenteret for å besøke hesten sin, Kvante. Her kan ho opphalde seg i fleire timar utan å bli lei.

– Det er utruleg herleg å komme ned til stallen, spesielt viss eg har ein dårleg dag. Då tek eg ofte ein ridetur med hesten. Kvante er der alltid. Han skuffar meg aldri og blir som ein slags besteven.

Kvante kjem opphavleg frå Irland og er vane med å ri på eit høgt nivå. I 2015 vart han seld til Noreg som ein god ponni. Dette skulle vise seg å by på ein del utfordringar for den vetle hesten.

– Kvante er ein veldig redd og stressa type. Det var ikkje så mange som ville ha den. Derfor er det godt å vite at me blei ein så bra match. Viss du finn ein hest som du har god kjemi med, skal det ikkje alltid så mykje til, seier Alvsaker.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

– Det var då eg bestemte meg

Sidan den gong har duoen delteke på fleire nasjonale og internasjonale stemner. I fjor kom dei på fjerdeplass i NM. I desember reiste dei til Danmark for å konkurrere.

– Det er noko spesielt med hestesport. Du får eit veldig sterkt band til hesten. Samtidig kan ikkje hesten prate, så mykje av kommunikasjonen går føre seg gjennom kroppsspråk. Det å hoppe over hinder er kjempegøy. Då får eg skikkeleg kribling i magen.

Har du alltid hatt ein draum om å bli best på hest?

– Eg har alltid hatt ein draum om å eige ein hest. Men eg har aldri hatt som mål å bli best eller å konkurrere på landslaget. Dette kom seinare, opplyser Alvsaker.

Fjortenåringen har tidlegare vore aktiv på både fotball- og handballfronten. Først etter rideskulen i 2014 vart ho bitt av basillen.

– Det var når eg fekk Kvante i 2016 at eg bestemte meg for å gå «all in».

Nyttar ikkje å gjere det halvvegs

Ambisjonane for det komande året er store.

23.- 25. februar skal Alvsaker reise på eit internasjonalt stemne i Tønsberg. Etter dette er målet å bli tatt ut til å ri for Noreg under Nordisk, i tillegg til landslaget og EM.

Men innsatsen har sin pris. På stemner står ho opp klokka 05.00 kvar morgon for å klargjere hesten til konkurranse. Det er mykje førebuing som ligg bak, sjølv om ein gjerne er på banen i to minutt eller mindre.

Trur du alle som er interessert i hest kan bli toppryttar? Krev det meir enn kunnskap og teknikk?

– Viss ein vil, kan ein få til det meste. Men det er nok ikkje alle som har motivasjonen for å kunne bli toppryttar. Det krev tid, energi og prioritering. Det nyttar ikkje å gjere det halvvegs, påpeikar Alvsaker.

– Samtidig er det viktig å ha god kommunikasjon med hesten utanfor banen. Eg kosar mykje med Kvante, og trur dette er viktig for samarbeidet vårt, på bakken og på banen.

Har jobba mykje med redselen

Hender det at du blir redd under stemner og konkurransar?

– Når eg starta med hest var eg redd og syntest det var skummelt. Først og fremst er eg redd for å skremme Kvante. Han kan fort bli anspent. Så er det gjerne nervepirrande å ri framfor eit stort publikum, innrømmer Alvsaker.

Men kor finn du motet frå?

– Nokon har det kanskje lett tilgjengeleg inni seg. Andre må leite djupare for å finne det. For min del har eg jobba ganske mykje med å finne den indre motivasjonen som driv meg. Viss eg er redd, skin det rett gjennom. Hesten leser meg.

Alvsaker oppfordrar folk til å ta steget vidare dersom dei ynskjer å drive aktivt på med hest.

– Dei må trene. Dei må tørre. Tørre å gå ut av komfortsona. Men det viktigaste er å ville.

- Annonse -