Øyvind Halleraker (t.v.) fekk besøk av leiaren i transportkomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H) på Føyno. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Leiaren i transportkomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H), meiner Hordfast heng i ein tynn tråd dersom det blir raudgrønt fleirtal etter valet.

Køyrande rundt i ein Tesla vert valkampen billig for Høgre-toppen Nikolai Astrup. Med ein dagsetappe frå Stavanger til Møre og Romsdal blir utgiftene minimale – iallfall skal ein samanlikne med det som ventar på den framtidige E39.

Avtroppande stortingsrepresentant og påtroppande dagleg leiar i lobbyorganisasjonen Hordfast AS, Øyvind Halleraker (H), fekk Astrup til å stoppe for eit pressemøte på Føyno. Symbolsk nok like ved den nedlagte bompengestasjonen.

For bompenger er ein føresetnad for oppstart av Hordfast og ny E39 i 2022, slik samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen seinast i dag stadfesta kunne vere ein reell moglegheit.

Opnar for oppstart i 2022

– Me har sagt oppstart med bompengar i 2022 eller 2023. Det vart stadfesta av samferdselsministeren seinast i dag. Så jobbar me kontinuerleg med å få kostnaden ytterlegare ned for å sjå om det kan setjast i gang tidlegare. Me har stø kurs mot realisering av Hordfast, seier Nikolai Astrup.

- Annonse -

Stortingsrepresentanten frå Oslo har lagt seg merke i tidlegare Stord-ordførar og førstekandidat for Hordaland Ap, Magne Rommetveit, sine uttalar i valkampen om tidlegare oppstart for E16 mellom Bergen og Voss. Han er uroa over kva dette vil bety for Hordfast.

– Dersom det blir eit nytt fleirtal etter valet fryktar eg for skjebnen til Hordfast. Det skuldast både at Magne Rommetveit har sådd tvil om at Arbeidarpartiet ønskjer å realisere Hordfast, men også at dei må samarbeide med parti som er hundre prosent mot Hordfast, som SV og Miljøpartiet Dei Grøne.

– Korleis har Magne Rommetveit sådd tvil om prosjektet?

– Nei, han var jo ute i avisa og sa at han vil prioritere E16 over Hordfast. Når me då i tillegg veit at Ap skal samarbeide med parti som ikkje ønskjer Hordfast i det heile teke, så vil eg seie at prosjektet heng i ein veldig, veldig tynn tråd dersom det skulle bli eit raudgrønt fleirtal etter valet.

Treng fleire år

Statens Vegvesenet har tidlegare sagt at dei treng fleire år på å greie ut bruløysinga, og i tillegg er det varsla oppstart av ein verneplan for å sikre vegetasjonen på Stord og Tysnes. Kor realistisk er det då ein så tidleg byggestart som i 2022?

– Det som er positivt er at me allereie no kjenner til kva for viktige verneverdiar som er i området, og det betyr at Vegvesenet kan planlegge med det som utgangspunkt. Det er ingen som ønskjer å bygge i viktige naturverdiar, og det går fint an å kombinere dei to omsyna.

– Er det ein reell moglegheit å gå for Hordfast, men utsetje bygging av firefeltsveg over Stord, slik Ap har teke til ordet for?

– Det er firefeltsveg som ligg som premiss. Det som samferdselsministeren seier i alle samanhengar er at me må lære av feila me har gjort før. Slik som når E16 blei ferdig i 1992 med alt for låg standard. Den feilen har dei raudgrøne gjort i alle år, og no meiner me me må bygge for framtida, skyt Øyvind Halleraker inn frå sidelinja.

– Astrup er i valkampmodus

Magne Rommetveit, som også sit i transportkomiteen på Stortinget tek kritikken med ro, og viser til at ein tidlegare oppstart av E16 ikkje betyr utsetjing av Hordfast.

– Det eg har sagt på E16 er at me legg inn tre milliardar no på grunn av rassikring. Det låg jo ikkje midlar inne frå staten i sist seksårsperiode. Så me tek ingenting frå Hordfast. Me meiner jo at det er to forskjellige ting. Du kan ikkje bruke bompengeinnkreving å E39 til eit bompengeprosjekt i Voss.

Rommetveit meiner det er tydeleg at bekymringane til Astrup er eit resultat av det nært føreståande stortingsvalet.

– Eg synest jo det er hyggeleg at komitéleiaren min køyrer over Stord, men eg ser jo at dette er eit utslag av at han er i valkampmodus og prøver å slå tvil om Arbeiderpartiet og kven me skal samarbeide med. Me har veldig klare vedtak på at me vil ha Hordfast bygd, og til liks med dei vil me ha ned kostnadane.

- Annonse -