Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) Foto: Bernt Sønvisen/Troms Arbeiderparti
- Annonse -

Den ferske visepresidenten frå Stord er tett på saka der Stortinget har gått på en kostnadssprekk på ein halv milliard kroner.

Det stormar for tida rundt presidentskapet på Stortinget, der Magne Rommetveit (Ap) i fjor haust vart valt inn som tredje visepresident.

Bakgrunnen er ei planlagt utviding av Stortinget der det nyleg vart kjend at kostnaden har sprukke med svimlande ein halv milliard kroner.

Måtte trekkje seg

Stortingspresident Olemic Tommesen (H) er i hardt vêr grunna saka, og førre veke vart det kjend at stortingsdirektør Ida Børresen måtte trekkje seg frå stillinga.

Rommetveit frå Stord var ein av dei fem visepresidentane som stilte seg bak kravet av at direktøren måtte ta hatten og gå.

– Me innser at Stortinget ikkje er rette instans til å stå som byggherre, sa Magne Rommetveit (Ap) til Dagsavisen.

- Annonse -

Han peikar på at presidentskapet korkje har kapasitet eller kompetanse til å handtere slike prosjekt.

Kan bli omrokkeringar

Riksrevisjonen la i fjor sommar fram ein rapport som retta skarp kritikk mot presidentskapet si handtering av byggeprosjektet. Ei samrøystes kontrollkomité konkluderte med at presidentskapet hadde opptrådt «sterkt kritikkverdig».

SV og Sp forsøkte då  å fremje eit mistillitsforslag mot Olemic Tommesen, men dei klarte ikkje å få nok røyster. No varslar partiet Rødt at dei vil gjere eit nytt forsøk på å kaste stortingspresidenten. Det trengs i følgje Aftenposten berre 34 underskriftar for å få eit nyval.

Dersom dei lukkast i dette kan det også ha påverknad for Magne Rommetveit si stilling som tredje visepresident, der det ikkje er utenkjeleg at han kan rykke opp i hierarkiet i presidentskapet.

- Annonse -