Magne Rommetveit (Ap) skal leia debattane på Stortinget i komande periode. Foto: Stortinget/Wikimedia Commons
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Toppolitikaren frå Stord får eitt av dei høgste tillitsverva i Norge når han no går inn i sin tredje periode på Stortinget.

Rommetveit (61) har vore medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen heilt sidan han først blei valt inn på Stortinget i 2009.

No er det klart at Rommetveit blir ein av seks representantar som vil høyre til presidentskapet på Stortinget i denne perioden. Medlemmane i presidentskapet har nokre av dei høgste tillitsverva som er mogleg å få i Norge.

Overraskande

– Det er klart det blir stas dette. Eg hadde ikkje tenkt i dei banane i det heile teke, så det kjem jo nokså uventa, seier Rommetveit som først fekk vite om vervet måndag kveld, seier Magne Rommetveit til Stord24.

Det nye vervet betyr at Rommetveit vil gå frå å drive partipolitikk til å ha ansvar for å leie møtene i stortinget.

- Annonse -

– Me seks som vil utgjere presidentskapet vil ha faste møter og skal veksle på å leie møta i salen. Og så blir det å legge opp Stortinget sitt liv, og ein god del vil gå med på representasjon og å ta i mot utanlandske gjester og slike ting.

Magne Rommetveit får også eit sentralt verv i Arbeidarpartiet som medlem av gruppestyret. Foto: Arbeidarpartiet

Nynorsk på Stortinget

Hordaland vil bli godt representert i presidentskapet, då Rommetveit får selskap av vossingen Nils T. Bjørke frå Senterpartiet. Det ønskjer Rommetveit at skal bli lagt merke til.

– I dei åtte åra eg har vore i Stortinget har presidentskapet bestått av bokmålsbrukarar. Så eg har allereie snakka med Nils Bjørke, om at me no vi ha ein nynorsk liturgi. Når me skal leie møtene til Stortinget vil eg jo til dømes ha røysting og ikkje «avstemming».

At Rommetveit blei valt inn i presidentskapet trur han har samanheng med bakgrunnen som ordførar på Stord i 16 år. Det er nemleg ei rekkje parallelltrekk med dei to verva.

– Det blir litt meir ordførar-verksemd, der du er ein del av eit ordførarkollegiet. Så du skal jo ikkje utøve partipolitikk på same måte som andre representantar. Du kan ikkje berre klubbe ned politiske motstandarar. Det er nok gjerne den ordførarbakgrunnen som har vore medverkande til at eg får dette vervet.

Medlem av gruppestyret

Rommetveit blir også medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, og vil då automatisk bli valt inn i Arbeidarpartiet sitt gruppestyre.

I det komande Stortinget vil Høgre og Arbeidarpartiet ha to medlemmer kvar, medan FrP og Senterpartiet får eitt medlem. Det er truleg at Olemic Thommessen (H) vil halde fram som leiaren av presidentskapet, altså som stortingspresident.

På Stortinget sine nettsider heiter det at presidentskapet er ansvarleg for planlegging og tilrettelegging av arbeidet til Stortinget, og har ansvar for at konstitusjonelle reglar om tilhøvet mellom regjering og nasjonalforsamling vert etterlevd.

- Annonse -