SKL-direktør Magne Heimvik har vore sjef i SKL i 20 år. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Heimvik gjekk av som administrerande direktør i SKL i fjor. No har han fått eit høgthengande styreverv.

BKK skriv i ei pressemelding at Magne Heimvik blir ny styreleiar i BKK Nett. Selskapet skriv at stordabuen har lang erfaring og har hatt mange sentrale verv og posisjonar i bransjen.

Han var administrerande direktør og konsernsjef i Sunnhordland Kraftlag i 20 år før han gjekk av med pensjon tidlegare i år.

– BKK Nett har ein offensiv strategi og ambisiøse mål. Det er mykje spennande på gang der. Eg gler meg til å få lov til å bidra i arbeidet med det grønne skiftet og elektrifisering, der infrastruktur spelar ei viktig rolle, seier Heimvik.

- Annonse -

Strateg og brubyggar

BKK Nett har heile 220 000 nettkundar og eit straumnett på 16.500 kilometer. Selskapet er ein av Norges største distributørar av elektrisk energi, og har hovudkontor i Bergen.

– Eg er veldig nøgd med at Magne Heimvik har takka ja til å bli styreleiar i BKK Nett. Han sit på mykjee verdifull erfaring og kunnskap. Han er både ein strateg og ein brubyggar, seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -