- Annonse -

Politikarane og administrasjonen i Fitjar er einige, og skriv ut pålegg til G. Strand Entreprenør AS for brot på plan- og bygningslova.

Det var under synfaring at kommunen oppdaga ein ulovleg tilkomstveg til ein bustadtomt. Vegen gjekk delvis på anna manns grunn, og over areal regulert til friluftsområde.

G. Strand entreprenør skriv i sin uttale til førehandsvarsel om ilegging av gebyr at han utførte sitt arbeid etter instruksjon frå faren til oppdragsgjevar/tiltakshavar. Det vert peika på at vegen ikkje kunne leggast slik det vart gjeve løyve til, fordi kommunal vass -og avløpsanlegg hindra den godkjende plasseringa.

– Vidare i uttalen står det at føretaket og oppdragsgjevar ville nok ikkje sett i gang dette arbeidet dersom dei trudde at godkjenning ikkje ville verte gjeve, går det fram i sakspapira til dagen møte i utval for plan og miljø.

Haldningane må endrast

Fitjar kommune meiner at entreprenøren sjølvsagt skal forsikra seg om at eksisterande røyr- og anlegg i grunnen, ikkje vert øydelagt som følge av utgraving til ny veg, men ergrar seg over haldninga.

– Det ville vore heilt naturleg at føretaket tok kontakt med kommunen og ansvarleg søkjar, for å informere om eksisterande røyr- og anlegg i grunnen. I staden vart arbeid utført, fordi ein gjekk ut ifrå at godkjenninga ville verte gjeve i ettertid. Det er akkurat denne type haldning ein ser hos litt for mange aktørar i byggebransjen. Det er ikkje slik kommunen ønskjer at seriøse aktørar skal opptre, og kommunen finn difor at regelbrot bør få konsekvensar.

- Annonse -
- Annonse -

Rådmann Olaug Haugen orienterte om saka og fortalde at administrasjon ville skriva ut gebyr, men at dei ikkje fullmakt til å gjera det. Difor er det no opp til politikarane.

– Me meiner det er eit klårt brot på loven, og meiner ein bør, og må straffa slikt, uttala Haugen.

Entreprenør burde kjent til regelverket

Byggjesakskonsulent i kommunen, Solveig Alvsaker supplerte rådmannen under orienteringa, og uttala tydeleg at entreprenøren må ha visst, eller burde visst at handlinga var ulovleg.

- Annonse -

– Denne saka vart spesielt utfordrande, ved at den ulovlege vegen vart etablert delvis på anna manns grunn, og inne i eit LNF- område, men det løyste seg i dette tilfellet ved at tiltakshavar fekk kjøpt tilleggsparsell. Parsellen fekk so dispensasjon frå arealføremålet via godkjent søknad, fortel Alvsaker

Administrasjonen meiner at ilegging av gebyr ikkje er urimeleg i denne saka, trass ettergodkjenninga.

– Prinsipielt vil det vere bra for kommunen, for å prøve å sørgje for at slik utførande praksis vil ta slutt, skriv dei i sakspapira.

Politikarane samde

Utval for plan og miljø var samde med administrasjonen si grunngjeving.

– Me ynskjer ei haldningsendring, det skal ikkje vera lettare med tilgiving enn tillating, uttala leiar for utvalet Bård Inge Sørfonn.

Utvalet gjekk samrøystes inn for å pålegga G. Strand Entreprenør AS eit gebyr på kr. 10.000,- for forsettleg brot på plan- og bygningslova. Gebyret må betalast sjølv om vedtaket vert påklaga.