Den grove valden skjedde utanfor Sjøhuset i september 2017.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 37 år gammal mann frå Stord slo til ein ungdom utanfor Sjøhuset, slik at han store fysiske og psykiske skader.

Det var ein laurdagskveld i september 2017 at valdsepisoden skjedde, som førte til omfattande skader på ein ungdom.

37-åringen frå Stord var ute på byen på utestaden Sjøhuset i Leirvik sentrum, då han kom i krangel med ein ungdom. Seinare på kvelden, utanfor utestaden, slo han til ungdomen fleire gonger i ansiktet med knytta hand.

Ikkje i tvil

Retten fekk sjå videoopptak av episoden der ein person slo ein annan to eller fleire gonger, og slo vidare fleire slag etter av den andre fall i bakken. Eit vitne hadde også eit opptak på telefonen sin som politiet etterpå hadde kopiert. Klippet blei vist under rettssaka, og viste tydelegare at det var tiltalte og fornærma som var involvert.

– Retten er ikkje i tvil om at det var tiltalte som slo ved dette høve. Videoopptaket viste to svært harde slag mot fjeset til fornærma medan han sto.

Valden har fått store konsekvensar for den fornærma. Han fekk hjernerystelse, hevelse i venstre auget, dobbeltsyn, fleire brot i kinnknuten på venstre sida samt skade på to tenner. Kinnknuten har blitt operert, og det er lagt inn silikon og metallplate i kinnet.

- Annonse -
- Annonse -

– Retten vurderer skadene samla sett som alvorlege, og at det straffbare forholdet ligg nær grov kroppsskade, skriv retten.

Hugsa ingenting

Den fornærma forklarte i retten at han har fått psykiske etterverknader som gjer at han isolerer seg. I tillegg har han fått dårleg minne på grunn av valdshandlingane.

- Annonse -

– På grunn av hjernerystelse og andre skader, har han sterkt redusert minne, og han hugsar ikkje noko av det som skjedde vidare på eller utanfor Sjøhuset.

Trass i dei grove valdshandlingane meinte legevakta at fornærma verka uskadd etter å ha undersøkt han rett etter valdshandlingane. Ungdomen blei så køyrt til arresten i Haugesund der han overnatta til neste morgon.

Sa seg ikkje skuldig

Tiltalte sa seg ikkje skuldig etter tiltalen. Han forklarte at fornærma hadde provosert han og slått mot ein av dei han var saman med inne på utestaden. Retten meiner likevel at det er svært lite opplyst kva som skjedde, og kven som starta valden, og difor ikkje formildande for straffa.

Retten landar dermed på at 37-åringen skal dømmast til seks månadars fengsel, og betale erstatning til ungdomen på til saman 59.148 kroner.

– Valden mot fornærma var grov, og dei fysiske og psykiske skadene på han er store. Forholdet kan reknast som typisk gatevald, ein type vald som er blitt foreslått å skjerpa straffa for, noko som er følgt opp i lov og rettspraksis, konkluderer retten.

Stordabuen er tidlegare straffa, men ikkje for valdsbruk.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -